Aktivitetar

VINDAFJORD SKYTTARLAG

 Skyttarhuset i Vats

 Trening i Sandeid

Aktivitetar

Sandeid skyttarlag og Vindafjord skyttarlag samarbeider om drift og bruk av baneanlegg.  Me har utandørs skytebane i Vats.  Denne bruker me i perioden april - ut i september.

I sandeid har me ein ny, moderne bane med elektroniske skiver.  Denne bruker me i perioden oktober - mars/april.

Me har medlemmer i alle aldersgrupper fra 10 - 70+.  Laga har våpen som passar til dei yngste og som dei får bruka når dei er med på treningar og konkurransar.  Ein kan byrja å skyta det året ein fyller 10 år.

Dei to skyttarlaga samarbeider tett og godt, me har felles treningar både for unge og vaksne og har gode instruktørar som hjelper dei unge.

Samarbeidet har resultert i ein god auke i antal skyttarar på treningane, og me ser og at me nå får fleire med oss ut på stevner.

Me ser unge talent som kjem til å oppnå gode resultat og me ser gamle støvarar som får ein 'ny vår'.  Eit større miljø betyr svært mykje for trivsel og rekruttering.

Om vinteren er det ein gjeng 'pensjonerte' skyttarar som har treff ein gong i veka, og me har og ein vintercup for seniorar gåande med deltakarar frå heile distriktet.

Treningstider 2015:

Tysdag og torsdag: 18:00 - 21:00

 

Laurdag               :  12:00 - 15:00

 

Utandørsbanen er opna etter vinteren.

Vindafjord Skyttarlag © 2006  Redaktør: Bjørn M. Stokka        

      

Bilete frå nokre aktivitetar