Baneanlegg

VINDAFJORD SKYTTARLAG

Baneanlegg i Sandeid og Vats

Første kapittel i samarbeidet om drift og bruk av baneanlegget var då Vindafjord Skyttarlag og Vikebygd Skyttarlag starta på felles arbeid med å rusta opp uteanlegget i Vats.

Dette starta for fleire år sidan.  Tippe-midlar vart søkt om og innvilga og ein starta eit omfattande arbeid med ombygging av baneanlegget.  Ny 100m med elektroniske skiver og ombygging / opprusting av skyttarhuset vart då prioritert som første trinn.

 

Andre kapittel starta i 2005.  Sandeid Skyttarlag og Vindafjord Skyttarlag gjekk saman om å fullføra anlegget i Vats med ny 200m med elektroniske skiver og i tillegg til dette vart det vedteke å finna eigna lokale til ny felles innandørs bane i Sandeid.

Dette har nå resultert i at uteanlegget stod klart for bruk i juni 2007 med opningsstemne i juli.  Ny innandørsbane vart tatt i bruk i Sandeid seinhausten 2007, i ny kjellar under nytt påbygg på samfunnshuset.

 

Kva samarbeidet mellom laga betyr:

Laga har opp gjennom åra hatt eit tett og godt samarbeid ved større arrangement, herunder Hordastemnet både på bane og felt.  Eit samarbeid om felles bruk og drift betyr at laga får betre og meir moderne anlegg både til trening og arrangement.

Noko av det viktigaste er eit større miljø rundt alle aktivitetar.  Der er fleire som trenar saman og fleire til å vera med på nødvendig dugnad.

Det er lettare å få til god rekruttering med større miljø og betre anlegg, kvaliteten på aktivitetane og dei sportslege resultata for skyttarane er avhengig av eit sosialt godt og størst mogleg miljø.

 

Kort beskrivelse av anlegga:

Innandørsbane Sandeid:

Stad:    Kjellaren i samfunnshuset, ny del.

Eigar:   Sandeid Skl og Vindafjord Skl

Skiver: 10 skiver elektronikk

I tillegg er der klubbrom.  Delar av samfunnshuset m kafeteria vert leigd ved større stemne.

 

Utandørs anlegg Vats:

Stad:    Nedre Vats

Eigar:   Hus og teknisk anlegg eigd av laga. Grunn leigd på langtidsavtale.

Skiver: 6 skiver elektronikk 100m

           12 skiver elektronikk 200m

Skyttarhuset er opprusta med nytt kjøkken, nytt sanitæranlegg, møblert og utrusta for utleige til arrangement.

Innandørsbane

 

Uteanlegg

 

Treningstider 2015:

Utandørs:

Tysdag og torsdag : 18:00 - 21:00

Laurdag                : 12:00 - 15:00

Utandørsbanen er open for trening frå slutten av april og stenger i byrjinga av september.

 

Innandørs:

Onsdag frå 18:00 .

Banen kan elles brukast ved behov, der er ingen tidsbegrensningar her.

Normal-sesong innandørs er frå tidleg oktober til litt ut i mars.

Vindafjord Skyttarlag © 2006  Redaktør: Bjørn M. Stokka