Historie

VINDAFJORD SKYTTARLAG

 Skyttarhuset i Vats

Historie

Vindafjord Skyttarlag vart skipa i 1969.  Skytebanen i Nedre Vats var då i dårleg forfatning, og laget hadde ein del aktive skyttarar.  Det vart difor bestemt at ein skulle invitera dei andre små laga i nabobygdene til å gå saman i eitt lag og byggja ny skytebane.

 

Dei 4 laga som så saman skipa det nye laget var:  Ilsvåg, Skjold, Vats og Øvre Vats.

 

Ny skytebane vart bygd der banen ligg i dag, der har etter banen vart bygd vore fleire ombyggjingar.  Det starta med skivetrekk på 100 m og grav på 300 m.  Før Vestlandsstemna i 1977 vart det bygd ny 100 m grav og 300 m vart utvida.

 

Nå er me også ferdig med neste trinn.  Huset er bygd om, me har fått elektronikk på 100 m og 200 m og me har fått ny innandørsbane med elektronikk saman med Sandeid i nytt tilbygg til Sandeid samfunnshus.

 

Kva du kan finna her:

På desse sidene som sorterer under historie-'knappen' på hovudsida vår kan du finna følgjande:

 

Historisk informasjon om dei gamle laga.  Me prøver å få tak i informasjon litt etterkvart, så det er ikkje alt som inneheld like mykje ennå.  Klikk på navnet til laget i menyen til høgre.

 

Litt om stemne og andre skytingar som vart gjennomført i svunne tider innan og blant desse laga.

 

Krinsstemne som me har funne nokre lister frå.

 

Vandrepokalar som stort sett gjekk internt i laga, kva periode dei vart skotne om og kven som fekk dei til eige.

Lenkjer til meir informasjon

Vandrepokalar:

 

Vandrepokalar i Vats skyttarlag frå 1945 

Vandrepokalar i Øvre Vats skyttarlag frå 1945 

 

Krinsstemne:

Me har funne nokre lister frå slutten av 50-talet og ei frå tidleg 60-talet.  Det ser ut som om søre krins i Sunnhordland slik samansetninga er i dag først kom til etter 1959.  Stemna på 50-talet hadde berre skyttarar med frå Vats, Sandeid og Vikedal.

 

Krinsstemne 50 - 60 -talet

 

Vats Skyttarlag

 

Øvre Vats Skyttarlag

 

Ilsvåg Skyttarlag