Hordastemnet bane

VINDAFJORD SKYTTARLAG

Hordastemnet bane

 

Nokre få gonger har Hordastemnet vore arrangert på skytebanen i Vats, og før det vart Hordastemnet vart det også arrangert Vestlandsstemnet på banen (1977). Kapasiteten på 100 m er ennå for liten til at ein kan ta på så store stemne på banen, og dei seinare åra har dette vore arrangert av alle laga i krinsen på Fikse skytebane.

Lista nedanfor har berre med dei stemna som er arrangert i Vats.

 

 

Resultatlister frå Hordastemne bane arrangert i Vats.

 

1992

Hordastemnet bane 1992 vart arrangert av Søre krins på banen i Vats.

Ove Vik frå Fana vart Hordameister med 344 p. Nr. 2: Arild Røyseth, Åsane/Hordvik 343. Nr. 3: Jan Ingebrigtsen, Fana 342 p.

Lokale prestasjonar: Vindafjord fekk ein heiderleg 5. plass på lagskytinga på 300 m. På laget: Egil Berakvam, Olav Magne Eikesdal og Svein Magne Stokkevåg.

 

1977

Vestlandsstemnet bane 1977 vart arrangert i Vats.

Dette var det som i seinare år vart heitande Hordastemnet.

Me manglar resultatliste frå dete stemnet. Er der nokon som har denne arkivert vil ein kopi bli mottatt med takk