Hordastemnet felt

VINDAFJORD SKYTTARLAG

Hordastemnet felt

 

Hordastemnet i feltskyting har vore arrangert i Vats eit par gonger på 2000-talet i samarbeid med andre lag i søre krins. Begge gongene samla me skyttarane på Kårhus (skulen / Vindafjordhallen) og frakta skyttarane opp til Nordtveit-dalen der det var laga til feltløype. Arrangementet er krevande og dagen kan ofte bli lang når ein skal ha både hovudskytingar og finalar i eit område ein må transportere skyttarane til. Men skyttarane var godt nøgde med feltløypa.

 

Resultatlister frå Hordastemne felt arrangert i Vats

 

2015

Hordastemnet felt vart arrangert 19. april i Vats av laga i søre krins, Sunnhordland.

Denne gongen var all skyting lagt til Nordtveit-dalen og området der. Veret var bra med gode skyteforhold.

172 skyttarar deltok, og Sigmund Våge frå Vareld vart Hordameister med 42/05 treff.

Medaljeoversikt Resultat finfelt Resultat grovfelt Stang Felthurtig

 

2006

Hordastemnet felt 2006 vart arrangert i Vats av Sandeid Skyttarlag, Vikedal Skyttarlag og Vindafjord Skyttarlag.

Det var eit stort mannskap i sving med grovfelt-løype i Nordtveit-dalen og 100m standplassar på Vatne. Me var heldige med veret

heilt fram til finalen, då vart det heller surt og vått.

Skyttarane var svært fornøgde med opplegget.

Vinnar av grovfelten vart John Olav Ågotnes frå Fana.