Krinsstemne 15m

VINDAFJORD SKYTTARLAG

Krinsstemnet 15m

 

Krinsstemnet innandørs på 15m er vel det av krinsstemna som held stand og er stabilt mhp antal deltakarar. Innandørsskytinga vinterstid er populært og samlar til dels fleire enn ute. Søre krins består av laga Etne, Sandeid, Skånevik, Vikedal og Imsland, Vikebygd, Vindafjord og Ølen.

 

Resultatlister frå krinsstemne 15m arrangert av Vindafjord Skyttarlag

 

2008

Krinsstemnet 15m vart arrangert på den nye innandørsbanen i Sandeid. Ca 40 skyttarar møtte ein torsdagskveld i februar.

Johannes Hundseid, Etne, vart krinsmeister kl 3-5 med 245 p. Svein Magne Stokkevåg nr. 2 med 244 p.

Resultatliste finn du her.

 

2002

Krinsstemnet 15m vart avvikla på miniatyrbanen på Vats skule. 46 skyttarar deltok. Svein Magne Stokkevåg vart krinsmeister

med 244 p. Johannes Eikesdal vann kl 3 med 234 p og Anne Mai Jekteberg kl ER med 247 p.

Resultatliste finn du her.

 

1992

Krinsstemne 15 m 1992 vart arrangert i Vats. Krinsmeister vart Eivind Lien, Ølen 240 p. Nr. 2: Svein Magne Stokkevåg, Vindafjord 237 p.

Klasse 3: Kjell Vidar Øglend, Ølen 236 p. Klasse 2: Magne Jensen, Sandeid 232 p. Klasse 1: Jan Terje Rafdal, Etne 220 p. Klasse V55: Asbjørn Stokka, Vindafjord 234 p. Klasse V65: Johan Opheim, Ølen 189 p. Klasse Jr: Kjetil Ohm, Vindafjord 189 p. Klasse ER: Dag Bjarne Hustvedt, Sandeid 191 p. Klasse R: Petter Taraldsøy, Skånevik 188p.