Krinsstemne bane

VINDAFJORD SKYTTARLAG

Krinsstemnet bane

 

Krinsstemnet samla mange deltakarar for ein del år sidan då det var færre stemne å velja i enn det er nå, og deltakartalet har peika nedover mest for kvart år. Søre krins består av laga Etne, Sandeid, Skånevik, Vikedal og Imsland, Vikebygd, Vindafjord og Ølen.

 

Resultatlister frå krinsstemne bane arrangert av Vindafjord Skyttarlag

 

2011

Krinsstemnet bane 2011 vart arrangert laurdag 13. august på banen i Vats.

Egil Berakvam vart krinsmeister med 289 p. Thorbjørn Samland nr 2 med 275 p.

Kun 9 skyttarar møtte denne laurdagen.

Resultatliste finn du her

 

2010

Krinsstemnet bane 2010 vart arrangert 15. august på banen i Vats.

Dag Arne matre vart krinsmeister med 293 p. Svein Magne Stokkevåg nr 2 med 289 p.

22 deltakarar.

Resultatliste her

 

2007

Krinsstemnet bane 2007 vart arrangert 12. august saman med Sandeid.

Resultater finn du her.

Detaljert liste, alle skot.

 

2001

Krinsstemnet bane 2001 vart arrangert i Vats, det siste stemnet på 300m på vår bane. Det var 30 deltakerar på stemnet.

Svein Magne Stokkevåg vart krinsmeister kl. 2-5 med 344 p. Egil Berakvam vann kl 3 med 333 p, Arne Eide kl 2. med 221 p.

 

1995

Krinsstemnet bane 1995 vart arrangert i Vats 3. september med 29 deltakerar.

Albert Inge Rafdal frå Etne vart krinsmeister med 341 p e.o med nr. 2: Eivind Lien, Ølen 341 p.

Prestasjonar av eigne skytterar: Kai Espen Jekteberg vann kl Jr med 345 p, Arild Eide vann kl R. med 331 p og Vindafjord vann lagskytinga både på 100 m og 300m.