Ope Banestemne

VINDAFJORD SKYTTARLAG

Ope banestemne

 

Utandørsbanen ligg i Vats. Banen var klar for bruk på nåverande stad i 1969, same året som Vindafjord Skyttarlag vart skipa som ei samanslåing av dei gamle laga Vats, Øvre Vats, Ilsvåg og indre Skjold. Det var i mange år 100m og 300m, men då anleggs-samarbeidet med Sandeid kom i gong vart den gamle 300-meteren lagt ned og me fekk nye skiver med elektronikk på 200m i 2007. Frå det året av er banestemnet arrangert saman av Sandeid skyttarlag og Vindafjord skyttarlag.

Stemnet inngår i Westcon banecup.

 

Resultat frå banestemna

 

2017

Stemnet vart arrangert 4., 6. og 7. mai i flott vårver, sol og tilnærma vindstille men med litt aukande vind søndag ettermiddag. Dette året møtte 134 skyttarar, det var

nok ikkje den aller beste helga å arrangera stemne med konfirmasjonar i 'alle bygdar' og fleire stemne både sørpå og nordpå.

Anette Thingbø frå Time vann kl 3-5 med 346 p. Elles vart det vist mykje god skyting på 100 m, mange med 349 p og i kl ER hadde alle tre medaljevinnarane 350 p.

 

Resultatlister Medaljeoversikt

 

2016

180 skyttarar møtte til stemnet som vart arrangert 2. og 5. mai. Sander H. Engevik frå Stord og Anette Thingbø frå Time hadde begge 343 p, Sander vann stemnet med fleire innertierar. Tjerand Ruben Røgenes var den einaste frå arrangørane som nådde opp, han fekk 3. plass og medalje i kl J med 347 p.

Medaljeoversikt Premiering 100m Premiering 200m

 

2015

Det vart ikkje arrangert banestemne våren 2016. Laga arrangerte Hordastemna felt i april dette året, og det vart litt for travelt å arrangera banestemne kort tid etterpå.

Så oppsett stemne vart avlyst.

2014

Ope stemne bane 2014 vart arrangert 26. og 28. juni. Stemnet var samstundes med stemna i Suldal og Sauda dette året. Gode skyteforhold men skuffande låg deltakelse.

Håvard Stensletten Eik frå Kvinnherad vann med 348 p, og det er også ny banerekord.

Medaljeoversikt Resultatlister

 

 

2012

Ope stemne bane 2012 vart arrangert 4. og 5. august dette året. Dobbeltstemne saman med Ølen/Etne og litt seinare enn opprinneleg

tenkt grunna ombygging av banen på Fikse. Perfekte skyteforhold begge dagar og 118 deltakarar møtte i år.

Einar Johansen frå Time vann kl 3-5 med 345 p, og også i år fekk me 350-resultater, denne gongen i klasse J og V65.

Medaljeoversikt 25-skot og 35-skot Pengepremiar 100m Pengepremiar 200m

 

 

2011

Ope stemne bane 2011 vart arrangert 28. april og 1. mai av Sandeid Skyttarlag og Vindafjord Skyttarlag. Deltakartalet var heller lågt med 105 skyttarar. Det var då heller ingen andre stemne i nærleiken. Det var svært fint ver begge dagane og bortimot vindstille. Det var litt overraskande at resultata på 200m ikkje vart høgare, men veteranane (V65) på 100m sørgde for at me fekk to skyttarar på 350 p. Kåre Kroka imponerte med 27 sentrumstierar. Vinnar av kl 3-5 vart Dag Arne Matre frå Sandeid med 339 p. Han fekk med dette også tredje aksje i vandrepokalen på Vindafjordstemnet, og denne pokalen vart sett opp i 1979 ! Me gratulerer.

Medaljeoversikt 25-skot og 35-skot Pengepremiar 100m Pengepremiar 200m

 

2010

Ope stemne bane 2010 vart arrangert 17. 0g 19. juni. 133 deltakarar. Liv Sollesnes frå Jondal vann også dette året kl 3-5 med 343 p.

Resultater finn du her.

 

2009

Ope stemne bane 2009 vart arrangert 20. og 21. juni. 139 deltakarar. Liv Sollesnes frå Jondal vann kl 3-5 med 346 p.

Resultater finn du her.

 

2008

Ope stemne bane 2008 vart arrangert torsdag 26. og søndag 29. juni. 107 deltakarar. Me opplevde historiens første doble heimesiger på banen. Svein Magne Stokkevåg vann med 344p, Egil Berakvam vart nummer to med 341p.

Resultater finn du her.

 

2007

Ope stemne bane 2007 vart arrangert 30. juni og 1 juli på eigen bane. Få deltakarar, berre ca 80. Det var nok feil helg, men likevel greit å få prøva ut anlegget på arrangement.

Bengt Bratland frå Stord vann kl 2-5 med første banerekord på ny 200m. 347p. Liv Sollesnes frå Jondal vart nr 2 med 346 p.

Resultater finn du her.

 

2006

Ope stemne bane 2006 vart arrangert 17.-18. juni. Me lånte banen til Etne og Ølen på Fikse, neste år kan me kanskje ha opningsstemne på vår eigen bane. 131 deltakerar, bra skyteforhold.

Resultatliste finn du her.

Resultat 35-skot finn du her

 

2001

Ope stemne bane 2001 vart vunne av Svein Magne Stokkevåg med gode 346 p. som var tangering av banerekorden til Arvid Kallevåg frå Bømlo.

Stemnet vart arrangert 7. Juli dette året, og det var ein av dei varmaste dagane denne sommaren med ca 30º i skyggen.

Dei 121 frammøtte sleit nok litt med varmen, men det vart likevel mange gode resultat.

Resultatliste finn du her.

 

2000

Ope stemne bane 2000 vart arrangert 22. - 23. juli i fint og varmt ver og samla 119 skyttarar.

Dag Arne Matre vann kl 2-5 med 344 p.

 

1999

Ope stemne bane 1999 vart arrangert 17. - 18. juli. Heile 173 skyttarar møtte denne helga. Vinnar kl 2-5 vart

Trond Inge Rødland frå Klepp med 344 p.

 

1998

Ope banestemne 1998, 4. - 5. juli. 107 skytterar møtte.

Kl 2-5 vart vunnen av Ingvar Legland frå Bremnes med 345 p. Nr. 2: Per Egil Skåre, Byneset 342 p.

Eigne skytterar: Marit Synnøve Stokkevåg vann kl 2 med 316 p og Kjell Skogen vann kl 1 med 264 p. Vindafjord vann lagskytinga på 300 m, her deltok Egil Berakvam, Svein Magne Stokkevåg og Kai Espen Jekteberg.

 

1996

Ope banestemne 1996, 12. mai. 116 deltakerar.

Kl 2-5 vart vunnen av Eivind Lien frå Ølen med 344 p. Han fekk då 2. aksje i vandrepokal. Nr. 2: Arvid Kallevåg, Bømlo 341 p og nr. 3: Bengt Bratland, Stord 340 p.

Eigne skytterar: Kai Espen Jekteberg vann kl 4 med 338 p.

 

1995

Ope banestemne 1995 vart arrangert 1. - 2. juli. 140 deltakerar.

Kl 2-5 vart vunnen av Eivind Lien frå Ølen med 342 p. Han fekk då 1. aksje i vandrepokal. Nr. 2: Albert Inge Rafdal, Etne 342 p og nr. 3: Arne Engevik, Stord 341 p.

Ingen store prestasjonar å skriva om for eigne skytterar.

 

1993

Ope banestemne 1993 gjekk av stabelen 5. - 6. juni. 134 skytterar møtte.

Mesterskap kl 1-4 vart vunne av Johannes Hundseid, Vikedal med 341 p. Nr. 2: Svein Magne Stokkevåg, Vindafjord 339 p og nr. 3: Eivind Lien, Ølen 338 p.

Andre prestasjonar av eigne skytterar: Tore Eide vann kl R med 247 p, og Kai Espen Jekteberg vann kl ER med 248 p.

 

1992

Ope banestemne 1992 vart arrangert 15. - 16. august. 175 deltakerar.

Arvid Kallevåg frå Bømlo vann kl 1-4 med 346 p, og sette med det ny banerekord. Nr. 2: Oddgard Flatin, Kongsberg 344 p. Nr. 3: Terje Iversen, Haugesund 341 p og nr. 4: Svein Magne Stokkevåg, Vindafjord 341 p. Ingen andre store resultat av våre eigne skyttarar dette året.

 

1991

Ope banestemne 1991 vart avvikla 29. - 30. juni. 126 deltakerar.

Mesterskap kl 1-4 vart vunne av Oddgard Flatin frå Kongsberg med 342 p. Han tok då 2. aksje i vandrepokalen. Nr. 2: Arne Engevik, Stord 340 p. Nr. 3: Arvid Kallevåg, Bømlo 339 p.

Lokale prestasjonar: Kjartan Døvik vann kl ER med 247 p.

 

1990

Ope banestemne 1990 vart avvikla 30. juni og 1. juli. Ca 150 deltakerar, bra ver laurdagen men noko vind og regn om søndagen.

Mesterskap kl 1-4 vart vunne av Birgitte Nordvik frå Bremnes med 339 p, ho skaut då i kl. 2. Der var ingen store prestasjonar av våre eigne skyttarar på dette stemnet.

 

1981

Ope banestemne 1981 vart og vunne av Tor Ole Nedland, Haugesund med 339 p.

 

1973

Ope banestemne 1973 vart avvikla søndag 16. september.

Tor Ole Nedland frå Haugesund vann med 334 p. Nr. 2: Reidar Espevoll, Vikedal 324 p. Klasse 1 vart vunnen av Johannes Ohm frå Vindafjord med 335 p. Klasse Jr / Rek hadde felles premiering og vart vunnen av Peder Johan Sandvik, Vikedal med 238 p.