Ope Feltstemne

VINDAFJORD SKYTTARLAG

Ope feltstemne / Vindafjordfelten

 

Feltløypa ved skytebanen i Vats var ein populær møtestad for dei som sette pris på ein utfordring i felten. Passe vanskeleg og passe lett, og ikkje for tungt å gå.

Me har i lista nedanfor regisrert resultat frå 1981 til 2010, rett nok med nokre store hol. Leitinga etter gamle lister pågår kontinuerlig.

 

Storhetstida for feltstemne var på tidleg 90-talet og også på 80-talet, altså i førre århundre :) Av listene me har her var toppen i 1993 med 95 deltakarar, så gjekk det gradvis nedover. I 2010 var det berre 29 deltakarar og då vart det bestemt å leggja prosjektet på is for ei stund.

Resultat frå Vindafjordfelten

 

2010

Ope stemne felt 2010 vart arrangert 10. april.  Strålande sol og gode skyteforhold, men berre 29 deltakarar.  Dei få som var der hadde ein fin dag ute i feltløypa.

Sven Egil Holta frå Jørpeland vann grovfelten med 29/16.

Det vart heimesiger i lagskytings-duellen mot Røldal, og me tok dermed det tredje nappet i pokalen.

 

 

2009

Ope stemne felt 2009 vart arrangert 8. mars.  Me var heldige med veret med opphaldsver og litt vind laurdag, ganske fint søndagen med ein del sol og lite generande vind.  Uver natt mellom laurdag og søndag.  Likevel var det også dette året berre 45 deltakarar.

Kai Espen Jekteberg vann grovfelten med 30/11 og vann dermed 3. aksje i vandrepokalen.

 

 

2007

Ope stemne felt 2007 vart arrangert 18. mars.  Veret var like dårleg (om ikkje verre) som året før, antall deltakerar var 45, 2 fleire enn året før.

Anne May Jekteberg vann grovfelten med 30/12, med bror Kai Espen Jekteberg hakk i hel med 30/11.

 

Full premieliste her.

 

2006

Vindafjordfelten 2006 vart arrangert 23. april.  Berre 43 deltakerar dette året, det dårlege (våte) veret hadde nok ein

del å seia.  Audun Kvandal vann grovfelten med 30/25.

 

2005

Vindafjordfelten 2005.  86 deltakarar var me ganske godt fornøgde med.  Arild Brodahl vann grovfelten.

 

2004

Vindafjordfelten 2004 vart arrangert søndag 25. april.

Kai Espen Jekteberg frå arrangørlaget vart vinnar med 30/20.

Det var 61 deltakerar på stemnet.

 

2003

Vindafjordfelten 2003 samla 61 skyttarar.  6 skyttarar hadde 30 treff, Even Lund frå Ullensvang hadde mest innnertreff og vann med 30/19.

Eigne skyttarar:  Asbjørn Stokka vann kl V65 med 29/14.

 

2002

Vindafjordfelten 2002 28. april samla 62 skyttarar.  Svein Magne Stokkevåg vann grovfelten med 28/20.

Anne Mai Jekteberg vann kl. ER med 30/25.

 

2001

Vindafjordfelten 2001 vart vunnen av Kai Espen Jekteberg med 30/20.

Det var 53 deltakarar på stemnet.

 

2000

Vindafjordfelten 2000 hadde 63 deltakerar.  Dato: 9. april.

Svein Magne Stokkevåg vann grovfelten med 30/12.  Anne Mai Jekteberg vann kl R med 29/16.

 

1999

Vindafjordfelten 1999 samla 74 skytterar.  Tor Ole Nedland vann grovfelten med 30/19 og fekk og vandrepokal til eige dette året.

 

1997

Vindafjordfelten 1997, 23. mars.  58 deltakerar.

Grovfelten vart vunnen av John Olav Ågotnes frå Fana med 30/26.  Nr. 2 vart Arild Brodahl, Fana 30/25.

Eigne skytterar:  Arne Eide vann kl 3 med 29/18, Tore Eide vann kl Jr med 30/22 og Arild Eide vann kl ER med 30/24.

 

1996

Vindafjordfelten 1996 vart arrangert 17. mars med 78 deltakerar.

Grovfelten vart vunnen av Even Lund, Ullensvang 30/28.  Han fekk då 1. aksje i vandrepokal.  Nr. 2 vart Terje Iversen, Haugesund 30/25.

Eigne skytterar:  Kai Espen Jekteberg vann kl 4 med 30/24 og Kenneth Frøland vann kl ER med 30/19.

 

1995

Vindafjordfelten 1995 vart arrangert 12. mars med 60 deltakerar.  Grovfelten vart vunnen av Nils Åge Sandal, Røldal 30/21.  Han fekk då 2. aksje i vandrepokal.  Nr. 2: Johannes Hundseid, Etne 29/20.

Eigne skytterar: Josef Eide vann kl 2 med 25/13 og Arild Eide vann kl R med 27/11.

 

1993

Vindafjordfelten 1993 vart arrangert 18. april.  Der var 95 deltakerar på stemnet.

Vinnar grovfelt: Bjørn Lidsheim, Ullensvang 30/23. Han fekk då 2. aksje i vandrepokal.  Nr. 2: Nils Åge Sandal, Røldal 29/26 og nr. 3 vart Even Lund frå Ullensvang med 29/23.

Prestasjonar av eigne skyttarar:  Asbjørn Stokka vann kl V55 med 22/11.

 

1990

Vindafjordfelten 1990 vart avvikla 13. mars og samla 70 deltakerar.  Ujamn vind og ein del regnbyger.  Grovfelten vart vunnen av Arne Engevik med 28/19.  Av lokale prestasjonar må me nevna Kjetil Ohm som vann kl ER med 30/7.  Han var den einaste som hadde 30 treff på dette stemnet.

 

1981

Ope feltstemne 1981 vart vunne av Tor Ole Nedland, Haugesund.  Lite deltakerar, 48 i alt.