Ymse stemne og arrangement

VINDAFJORD SKYTTARLAG

Ymse andre stemne og arrangement

 

Det har også vore arrangert andre stemne / skytingar på banen i Vats og som me har litt resultater frå. I 1985 vart det arrangert Norgescup i distriktet, og eitt av stemna var på banen i Vats. Det hadde me ikkje klart i dag :)

Nationens heimeskyting er og noko som har hendt på banen.

 

Andre skytingar / stemne på banen i Vats

 

2009

Nationens heimeskyting på 200 m. Det var ikkje meir enn 10 frammøtte, men dei som var der hadde ein fin kveld med sol og litt skiftande bris.

Det var 1/3-dels premiering på denne skytinga, og alle var i sølv.

Resultater finn du her

 

 

1985

Norgescup, 21.-23. juni. Dette krevde mykje mannskap og me arrangerte då dette saman med Sandeid skyttarlag og Vikedal skyttarlag. I papp-tida trong ein mykje mannskap til anvising av skivene og til resultatservice når ein ikkje hadde elektronikk.

Me har ikkje funne ei komplett resultatliste, men har dei 20 beste på mesterskapet samt vinnar av kl. 1.

Vinnar av stemnet var Kurt Arne Berglund frå Frogn og Drøbak med 342 p.

Lista finn du her