Skyttarhuset i Vats
Historie
Vindafjord Skyttarlag vart skipa i 1969. Skytebanen i Nedre Vats var då i dårleg forfatning, og laget hadde ein del aktive skyttarar. Det vart difor bestemt at ein skulle invitera dei andre små laga i nabobygdene til å gå saman i eitt lag og byggja ny skytebane.
Dei 4 laga som så saman skipa det nye laget var: Ilsvåg, Skjold, Vats og Øvre Vats.
Ny skytebane vart bygd der banen ligg i dag, der har etter banen vart bygd vore fleire ombyggjingar. Det starta med skivetrekk på 100 m og grav på 300 m. Før Vestlandsstemna i 1977 vart det bygd ny 100 m grav og 300 m vart utvida.
Nå er me også ferdig med neste trinn. Huset er bygd om, me har fått elektronikk på 100 m og 200 m og me har fått ny innandørsbane med elektronikk saman med Sandeid i nytt tilbygg til Sandeid samfunnshus.
Kva du kan finna her:
På desse sidene som sorterer under historie-'knappen' på hovudsida vår kan du finna følgjande:
Historisk informasjon om dei gamle laga. Me prøver å få tak i informasjon litt etterkvart, så det er ikkje alt som inneheld like mykje ennå. Klikk på navnet til laget i menyen til høgre.
Litt om stemne og andre skytingar som vart gjennomført i svunne tider innan og blant desse laga.
Krinsstemne som me har funne nokre lister frå.
Vandrepokalar som stort sett gjekk internt i laga, kva periode dei vart skotne om og kven som fekk dei til eige.
Lenkjer til meir informasjon
Vandrepokalar:
Vandrepokalar i Vats skyttarlag frå 1945
Vandrepokalar i Øvre Vats skyttarlag frå 1945
Krinsstemne:
Me har funne nokre lister frå slutten av 50-talet og ei frå tidleg 60-talet. Det ser ut som om søre krins i Sunnhordland slik samansetninga er i dag først kom til etter 1959. Stemna på 50-talet hadde berre skyttarar med frå Vats, Sandeid og Vikedal.