Sandeid Skyttarlag                            Vindafjord Skyttarlag

Informasjon om jeger-trening og skyteprøve 2009

 


Prisar for 2009 er:


            Skyteprøve inkl 2 obligatoriske treningar:                      kr. 400,-
                        Denne summen inkluderer årskontingent for medlemmer.

            Enkelt-treningar utanom dei 2 som inngår:                   kr.   50,- pr gong.


Skiver og utstyr på skytebanane treng årleg vedlikehald, og desse kostnadene er proporsjonale med mengde skot og kaliber på ammunisjonen som blir brukt.  Alle brukarar som trenar på skytebanen må difor betala ei avgift ved bruk.


Treningsdagar og skyteprøvar for 2009:


Trening:

Tirsdagane 9. Juni, 16. Juni, 30. Juni, 11. August og 18. August, alle dagane frå kl. 18:00 til kl. 19:30.


Skyteprøve:

Tirsdag 30. Juni kl. 18:00 til kl. 19:30 og laurdag 22. August frå kl. 12:00 til kl. 16:00.

Det vil verta høve til å skyta til prøven på andre treningskveldar dersom det på førehand er skote 2x15 godkjente
treningsskot.


Trening på torsdagar:

Torsdag er treningsdag for skyttarlaga, og det blir av omsyn til dei yngste medlemmene ikkje høve til å skyta med jaktvåpen desse dagane.  Ønskjer ein å trena desse dagane så kan ein delta med kal. 22 på 100 m eller med DFS-godkjent konkurranse-våpen på 200 m.


For informasjon om aktivitetar og skytetider:

Sjå på nettsida: www.vindafjordskyttarlag.com


Me ønskjer alle jegerar velkomne til skyting og drøs. 


Sandeid Skyttarlag       Vindafjord Skyttarlag