Skyttarlaga i ØvreVats

I Øvre Vats er det registrert 2 skyttarlag, eitt som vart stifta rundt 1900 og eitt som vart stifta i 1945.

Kjælmar Skytterlag

Anders Svantesvold og Henrik Spartveit var offiserar i det militæret.  Desse to stod bak stiftinga av Kjælmar Skytterlag ca. år 1900.  Standplassen låg på Velde (nordsida av riksvegen) og det vart skote over Kjælmarmyra.

I 1911 vart det arrangert eit stort skyttarstemne her, og kopi av ei skytebok frå dette stemnet er gjengitt nedanfor.

    

Det er brukt trykte skytebøker, så det vart lagt stor flid i arbeidet med skytestemner før i tida !
Skyttaren dette kortet er skrive ut for er B. Bjordal frå Kjælmar.  "Skivekommandørens" signatur er J. Stokka.  Dette er då sannsynlegvis Jakob Stokka frå Vats Skytterlag.

I 1913 deltok Berge Sjurseike frå Kjælmar på landsskyttarstemnet.  Han oppnådde delt 1. plass på 400 m, skyting nr. 8 med 9 treff.
Denne skytinga var 10 skot på 400 m mot 1/2 figur.  Skytetid 1 1/2 minutt, fri stilling.  Premien har gått i arv til ein slektning.

 

Øvre Vats Skyttarlag

I 1945 vart Øvre Vats Skyttarlag stifta.  Banen låg på Myrvang på Landa og leigekontrakt med grunneigar Josef Fisketjøn vart inngått 25.10.1946.  Det vart bygd skiver på 100 m, 300 m og 600 m.  600 m vart kun brukt på innvielsesdagen.  Banen vart mest brukt til interne konkurransar og pokalskytingar, men det vart arrangert krinsstemne her i 1957.
Banen var i bruk fram til 1966 då leigekontrakten gjekk ut.  Kontrakten viser at det var noko begrensa kor mykje ein fekk bruka banen.  Søn- og hellig-dagar skulle det ikkje vera skyting og heller ikkje i perioden frå midten av juni til midten av august utan løyve frå grunneigar.
I dag ville det vore vanskeleg å driva skyttarlag på slike vilkår.

17. desember 1968 vart det på generalforsamling i skyttarlaget vedteke å gå inn i nystifta Vindafjord Skyttarlag saman med laga Ilsvåg, Skjold og Vats.