Søre krins i Sunnhordland - krinsstemner

Me har funne fram nokre resultatlister frå krinsstemne som vart arrangert frå 1950 og utover.  Her er sikkert nokon som kan bidra med fleire lister og meir informasjon enn det me har til nå, me tek mot alt med takk.

Det kan sjå ut som om krinsstemna i området rundt oss ikkje var for dei same laga som me har i dag.  Lister frå 50-talet har berre deltakerar frå Sandeid, Vats, Vikedal og Øvre Vats.  Ilsvåg var nok og med, men deltok nok lite på stemner.
I resultatlista frå 1964 er Etne, Skånevik og Ølen med, så ein eller annan gong mellom 1959 og 1964 vart krinsen endra ?

Alle listene nevnt nedanfor er frå banestemne.  Programmet var nok litt meir omfattande enn det me har i dag.  Der var press-skyting på programmet.  Her er nevnt 1/2 m skive 100m, Pyramide 100m og internasjonal skive 300m.

Vats, 1950
Krinsmeister: Peder Vatne, Vats.  Nr. 2: Fredrik Magnus, Vikedal.  Nr. 3: Trygve Kvæstad, Vats.

Vats, 195?  (ikkje årstal på lista)
Krinsmeister: Olav O. Eide, Vats.  Nr. 2: Fredrik Magnus, Vikedal.  Nr. 3: Ivar Kristensen, Sandeid.

Sandeid, 1955
Krinsmeister: Anbjørn O. Stople, Sandeid.  Nr. 2: Torvald Ørnes, Vikedal.  Nr. 3: Harald Rørtveit, Sandeid.

Vats, 1956
Krinsmeister: Sofus Opsal, Vikedal.  Nr. 2: Georg Torstveit, Vats.  Nr. 3: Albert Stokka, Vats.

Øvre Vats, 1957
Krinsmeister: Sofus Opsal, Vikedal.  Nr. 2: Georg Torstveit, Vats.  Nr. 3: Ivar Kristensen, Sandeid.

Vikedal, 1958
Krinsmeister: Torvald Ørnes, Vikedal.  Nr. 2: Ivar Kristensen, Sandeid.  Nr. 3: Sofus Opsal, Vikedal.

Ølen, 1964
Krinsmeister: Per Ingebrigtsen, Etne.  Nr. 2: Johannes J. Heggebø, Ølen.  Nr. 3: Sjur Velde, Øvre Vats.