Vandrepokalar i Vats - frå 1945

Der var fleire vandrepokalar som vart sett opp i åra etter 1945.  Desse pokalane var for konkurransar innan laget, og vart i alle fall nokre av åra skote om som ekstra-skytingar ved lagsmeisterskapet.

Ola Tjeltveits vandrepokal frå 1945 til 1959
Vinnar 1945:  Magnus Stokka.  Vinnar 1959:  Sverre Nesheim.  Pokalen vart då teke ut og Georg Torstveit fekk denne til odel og eige, han hadde i perioden vunne 2 gonger.

Damernes vandrepokal frå 1945 til 1947
Vinnar 1945: Bertha Sannes.  Vinnar dei 2 siste åra: Lilly Torstveit som fekk pokalen til odel og eige.

Vats skytterlags vandrepokal frå 1946 til 1955
Vinnar 1946: Olav Eide.  Vinnar 1955: Rein Frøland.  Pokalen vart då teke ut og Johannes Stokkedal fekk denne til odel og eige, han hadde i perioden vunne 2 gonger.

Vats Samvirkelags vandrepokal frå 1948 til 1953
Vinnar 1948: Peder Vatne.  Vinnar 1953: Georg Torstveit.  Han fekk då denne til odel og eige.

Georg Torstveits vandrepokal frå 1949 til 1955
Vinnar 1949: Kjell Ohm.  Vinnar 1955: Jan Frøland, som då vann for tredje gong og fekk pokalen til odel og eige.

Trygve Kvæstads vandrepokal frå 1951 til 1955
Vinnar 1951: Peder Vatne.  Vinnar 1955: Elias Frøland, som då fekk pokalen til odel og eige.

Lagspokal nr 1 Skjold og Vats frå 1960 til 1962
Denne vart vunnen av Paul Haugen som hadde høgast samanlagt poeng på desse 3 åra.

Krinspokalen frå 1952 til 1956
Vinnar 1952: Georg Torstveit.  Han vann og i 1955 og 1956 og fekk dermed pokalen til odel og eige.