Vats Skytterlag

Vats Skytterlag vart skipa tidleg.  Me har kassabok datert frå 1893.

Det går fram at kontingenten for det året var 50 øre.  Der må ha vore ein del aktivitet i åra før og etter 1900, der er mange navn ført i boka og ein god del sal av ammunisjon.

Skytebane på den tida var visstnok inne i området mellom Vats og Gjerdesdalen.

Ein annan stad finn me at i 1917 hadde laget 81 medlemmer.

 

Me fann ein liten kuriositet frå 1914, ein premieutbetaling til Jakob Stokka.  Det var Jakob Hatteland som dreiv landhandel m.m. i Åmsosen, som sannsynlegvis var kasserar på den tida.  Han har signert brevet som ser slik ut:

 

 

Det går fram av brevet at ein annan hadde protestert på nokre resultater, og at Jakob Hatteland var "nesten lei av driten en stund".

Utbetaling på kr. 43,23 i 1914 ville vel og vera ein ganske bra utbetaling i dagens kroneverdi.  Legg merke til summane på utbetalingane.

Premiane utgjer totalt kr. 45,50 og så er det trukke frå 5 % rabatt på kr. 2,27.

 

Det me har av materiale gjer så eit hopp til 1945.  Laget har då sjølvsagt ikkje vore i aktivitet dei siste 5 åra.

"Aar 1945, den 16. september blev det innbut til stiftelse av nyt skytterlag" står det å lesa i boka 'Forhandlingsprotokol for Vats skytterlag.'  Det møtte 50 mann som alle skreiv seg inn som medlemmer.

Den første formannen var Bjørn Koltveit, og dei som elles var med i det første styret var: Olav O. Eide, Elias Frøland, Sakarias Nesheim og Sigurd Stokka.  Ei veke seinare var det nytt møte med befaring av nytt skytebane-område v 3 mann frå Haugesund skytterlag: sersjant Ringstad, Bjarne Laastad og Skogland.

Ein fann at ein kunne byggja 100m, 300m og 600m.  Banen var i Osen, ovanfor garden til Sigurd Selvåg.

 

Det kom og nye medlemmer til denne dagen.  I alt hadde laget 98 medlemmer i 1945, 83 menn og 15 damer.  Kontingenten for menn vart fastsett til kr. 10,- medan ein vedtok å fastsetja kontingenten for damer seinare.  Det er ikkje funne meir om dette, så me veit ennå ikkje kva resultatet av dette vart.

 

Det var nok mest interne konkurransar innan laget desse første åra, nokre få var med på krinsstemna (sjå på Historie-sida), men så var der ein god del pokal-skytingar innan laget.  Bl.a. Ola Tjeltveits vandrepokal, Vats Sparebanks pokal, Damernes vandrepokal og ein del andre.  Sjå på Historie-sida for meir om desse.

 

Det ser ut til at aktiviteten har vore stor frå 1946 og utover til tidleg på 50-talet for så å ha avteke noko.  Dei første åra var det årleg skyttarfest (dei starta gjerne kl 10 om kvelden) med premieutdeling, tale, mat og kaffi og så dans til slutt.

 

I 1965 vart Vats Skytterlags miniatyrgruppe stifta, med eigen formann og styre.

 

8. oktober 1968 vart det i ekstraordinært årsmøte vedteke å leggja ned Vats skytterlag for å gå inn i det nye Vindafjord Skyttarlag saman med Ilsvåg, Skjold og Øvre Vats.

 

Me har og nokre resultatlister frå lagsmeisterskap nokre av dei første åra etter ny oppstart av laget:

Desse resultata finn du her.